KOMMENTAR

ILLUSTRASJONSFOTO: MANGPOOR_2004/ISTOCK

Nybygg til besvær

Publisert Sist oppdatert
Ved Eli Skorpen, foretakstillitsvalgt på heiltid ved OUS og styremedlem i Norsk Radiografforbund.

Kommentaren frå Hold Pusten nummer 1 2026

Mange av oss som arbeidar i sjukehus, har i dei seinaste åra vert med i planlegging av nye bygg, og mange har erfaring frå innflytting i nybygg. Og den rir oss som ei mare den evinnelege økonomioptimismen. Etter mitt syn er det korttenkt med ineffektive bygg som gjer drifta dyrare. Og det igjen skaper mykje frustrasjon som i seg sjølv vert ein stor tidstjuv i kvardagen.

Eg arbeidar ved Oslo universitetssykehus, og har vore med i «medverknad» til nye sjukehusbygg. Radiumhospitalet vart opna med kong Harald, statsminister Støre klippa snora og Helse- og omsorgsminister Vestre uttalte: «Dette nye sykehuset viser vei, og er beviset på at vi har et helsevesen i verdensklasse».

Kanskje fortel det meir om verden enn om Radiumhospitalet. Ikkje for det, det faglege nivået i norsk helsevesen er høgt. Commonwealth Fund* rangerte i 2021 Norge på topp etter eit gjennomsnitt av ein skår tufta på ulike kriteria. Utvalet som lå til grunn var elleve industrialiserte land. Sverige hamna på sjuande plass, USA på siste. Eit av kriteria var administrasjon, der var Noreg òg øvst. Kanskje litt overraskande i høve med samfunnsordskiftet. Behandlingsresultat var på ein god nummer to. Og det på trass av dei sjukehusbygga som vert reist rundt omkring i landet.

Etter mitt syn er det korttenkt med ineffektive bygg som gjer drifta dyrare.

Vi har alle døme på dårleg planlegging og ikkje-fungerande ny teknologi. Arbeidsmiljølova og byggforskriftene vert handsame med store penselstrøk, og lovbrot vonast reddast med søknad om dispensasjon i ettertid.

Eller det som ofte skjer, at nybygget må byggast om frå første dag, for ein fekk ikkje dispensasjon. Så forsvann gevinstrealiseringa som dogg for sola.

Den rir oss som ei mare den evinnelege økonomioptimismen.

No er det svært mange dømer ein kunne fortelje om. Ei historie er frå Radiumhospitalet som står der nypussa og blankt, men igjen er blitt byggeplass. Det finns mellom anna ikkje previsittrom. I planlegginga prøvde tillitsvalte å fortelje om arbeidsflyt, men vart møtt med at ein måtte innordne seg etter dei fantastiske store teknologiske nyvinningane og være endringsvillige. Så ein treng ikkje previsittrom. Pasientjournalen skulle både diskuterast og skrivast på pasientrommet, også samtalen med pårørande. Pasientroma kunne brukast som ei salig blanding av sjukestove og kontor.

Så for å få rigga til arbeidsplassar til dei arbeidsoppgåvene ein trass alt har, måtte ein gjere lager til kontor og toalett til lager. Dei sit fem personar med sine arbeidsstasjonar på ti kvadratmeter. Utan lys og utsyn som det står at ein skal ha. Der tek dei imot pasientar til innlegging samstundes som andre sit i telefonen med andre pasientar. Nokre sjukepleiarar sit i korridoren og arbeidar.

I planlegginga prøvde tillitsvalte å fortelje om arbeidsflyt, men vart møtt med at ein måtte innordne seg etter dei fantastiske store teknologiske nyvinningane og være endringsvillige.

På radiologi på Radiumhospitalet er det ikkje fullt så ille, sjølv om det der òg er tidstjuvar. Noko eg vert særleg oppgitt over, er at det ikkje byggast nok tekniske mellometasjar. Dette merkar ein ikkje så mykje til på opningsdagen, men når ein skal skifte utstyr, vert det dyrt og tungrodd. Ein kunne ha fått eit bygg som er betre rusta til å endre funksjonar til diagnosering og behandlingsformer vi i dag ikkje har kunnskap om.

Skifte av ein angiolab tek mykje lengre tid utan teknisk mellometasje enn med. Og det vert plunder og heft med å stenge av store delar av området rundt. Handverkarane må stå på stige og arbeide med armane over hovudet sidan det tekniske vert ført fram over takhimlingane.

Oslo universitetsykehus har om lag 44 milliardar å bygge for. Til samanlikning er eit års driftsbudsjett på 30 milliardar kroner. Så då kostar det nye sjukehuset eit og eit halvt års driftsbudsjett. Min påstand er at driftsbudsjettet vert vesentleg større enn naudsynt i eit ineffektivt bygg.

Noko eg vert særleg oppgitt over, er at det ikkje byggast nok tekniske mellometasjar.

Det demonstrerast for den tilsette at det ikkje skal satsast på effektive bygg og infrastruktur, samstundes som det konstant vert påpeikt korleis den tilsette skal jobbe meir effektivt. Då vert det tungt å få dei tilsette med på omkalfatringa.

Helse Sør-Øst, som er vår byggherre, har vedtatt at vi skal flytte 29 prosent av medisinsk-teknisk utstyr frå gamal bygningsmasse til ny. Og det før 2030. Då må det medisinsk-tekniske utstyret være så nytt at det er hensiktsmessig å flytte. Men vi har ikkje økonomi til å handle inn nytt, verken no eller seinare. Det synes regelrett noko usikkert kva for radiologisk avdeling vi har i 2032. 

post@holdpusten.no

*The Commonwealth Fund er ein privat amerikansk stiftelse som arbeidar for å fremje eit meir effektivt og rettferdig helsevesen, spesielt for sårbare grupper. Dei finansierar uavhengig forsking og internasjonale studiar for å forbetre helsepolitikk og praksis. 

Kjelde: KI

  

Powered by Labrador CMS