MIN ARBEIDSPLASS

Nokon av dei tilsette ved Radiologisk seksjon ved Lærdal sjukehus, bak frå venstre: Fredrik Fägersten (radiolog), Marianne Rinde Melheim (radiolog), Monica Utne (radiograf). Framme frå venstre: Nikolina Galic (radiograf) og Rebekka Grande Loen (fagradiograf).

Radiograf i Lærdal

Publisert Sist oppdatert

I Hold Pustens serie «Min arbeidsplass», presenterte radiografane ved Lærdal sjukehus arbeidsplassen sin i Hold Pusten nummer 1 2026.

«Radiografane hjå oss er dagarbeidarar med beredskapsvakt. Med seks personar i turnus betyr det at kvar av oss har éi heimevakt ein gong i veka, og jobbar kvar sjette helg. Den som har vakt, er den einaste radiografen på jobb, og dette gjer at ein raskt blir trygg på å ta ansvar, og jobbe sjølvstendig. I avdelinga har me fagradiograf på CT og konvensjonell røntgen, superbrukare i PACS/RIS og verneombod. Elles samhandlar me godt på tvers av lokasjonane når det gjeld protokollar og rutinar», skriv dei blant anna.

Du kan lese meir om dei her.

Powered by Labrador CMS